| |
Spock - nr 3 i Bergen!
- Legenden
frå "Star Trek" blei vår andre cache!
Også denne vart lagt ut spontant. Eg våkna denne
søndag morningen og oppdaga at det var kjempefint
ver ute. Hadde tenkt meg på jobb, men pga det fine
veret så ringte eg heller Ove for å høyre
om det var liv i den kroppen. Vel, han hadde havna på
fest ute i periferien av Bergen kvelden før, men
sporty nok så blei han enig i at det var på
tiden å legge ut ein ny cache!
Mette
og eg møtte Ove på Ulriken etter å ha
tatt bana opp. Vi starta på den klassiske vegen "over
Vidden".
Etter
ca 25 min gange kom vi over ein sammenrast varde. Den reparete
vi etter beste evne og bestemte vi oss for å legge
cacheen der. I isboksen la vi typisk tursnacks siden vi
reknar med at når folk har komme seg dertil så
er det godt med litt søtt snadder!
Og kanskje
blir det fleire cacheer, det avheng av responsen. Sjølv
driv eg rekruttering til geocaching.com etter beste evne.....
|
|